LINDÅS

Eirik Fauske med familie (NO)


Read in English

Spilletider

8. februar 2012, 19:00
9. februar 2012, 19:00
10. februar 2012, 19:00
11. februar 2012, 19:00
12. februar 2012, 19:00
13. februar 2012, 19:00

Pris

190 - VOKSEN
120 - MODERASJON

Spillested

Teaterhuset Avant Garden

Språk

Norsk

Ein heilt vanleg familie ein heilt vanleg stad i eit heilt uvanleg land. Som personar og som familiar er liva våre uløyseleg knytt til at Noreg fann olje i Nordsjøen på 60-talet.

Lindås ligg på Vestlandet, fem mil nord for Bergen og ei mil sør for Noregs største oljeraffineri – Statoil Mongstad. Det var her familien Fauske slo seg ned i 1982. Tjueto år seinare hadde dei tre barna flytta ut. I løpet av denne perioden har Noreg prestert å bli djevelsk rikt. Ein god del av inntektene har raffineriet ved Lindås – der fleire medlemmer av familien Fauske har arbeidd – stått for.

LINDÅS er ei familiegjenforeining og ei utgraving, det er eit desperat ønskje om å vere nær det som for alltid vil vere borte.

I LINDÅS tek scenekunstnar Eirik Fauske eit steg vidare i si utforsking av fortida. Han har gått arkeologisk til verks og den personlege teksten knyter seg direkte til hans eigen bakgrunn. Fauske har skrive og iscenesett fleire stykke, og hans særeigne scenespråk er kjenneteikna av ein poetisk og tidvis rå klang. På Avant Garden hugsar nok mange stykket ”Gullalðurir”, som gjorde så sterkt inntrykk under ei lesing på Symposium at det vart invitert inn på programmet sesongen etter.

Tekst og regi: Eirik Fauske Utøvarar: Erlend Samnøen, Terese Vangstad, Tov Sletta, Ingvild Meland, Eirik Fauske Scenografi: Signe Becker Dramaturg: Marit Grimstad Eggen Video og lyd: Jørgen Noodt Skjærvold Lys: Eirik Brenne Torsethaugen Utanfråperspektiv: Ole Johan Skjelbred, Per Ananiassen Produsent: Eirik Fauske, Marit Grimstad Eggen Co-produsent: Dramatikkens hus, Teaterhuset Avant Garden Støtta av: Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere


Del på Facebook Del på Twitter
Kjøp på nett › Vis billetten på telefonen din, eller skriv ut. Problemer? › Ring 73 87 94 24 Kjøp på spillested › Billettsalg åpner på spillested en time før forestilling. Bli teaterkontakt ›Ta kontakt med oss. Spesielle behov ›Ta kontakt før kjøp om du sitter i rullestol, eller har andre behov til utforming.
OBS: Ingen inngang etter forestillingsstart