Life and Times – Episode 1

Nature Theater of Oklahoma


Kjøp billetter →

Read in English

Spilletider

9. mai 2012, 19:00
10. mai 2012, 19:00
11. mai 2012, 19:00

Pris

190 - Voksen
120 - Medlemmer

Spillested

USAs mest interessante teaterkompani lagar musikal basert på eit enkelt spørsmål til ein ven: Kan du fortelje meg livshistoria di? Denne heilt uvanlege og ekstravagante musikalen er ein hit.

Handlinga i musikalen følgjer hovudpersonen, Kristin Worralls, funderingar over alle dei stundene som har gjort ho til den ho er – vanlege stunder i eit vanleg liv, til forveksling likt ditt eige. Her finst glimt av halvgløymde vener, leikar du ikkje kunne leve forutan, naboen som hadde finare hus, far din som var underleg taus. Utgangspunktet er ordrett transkripsjon av telefonsamtaler der daglegtalens halting og krumspring blir eit bilete på kor vanskeleg det er å snakke om liva våre.

Life and Times er satt saman av ei fornøyeleg blanding av daglegtale, amerikanske koreograferte musikalklisjear og austeuropeisk uniformert linjegymnastikk. Ved hjelp av ukulele, fløyte, piano og ready-made-materiale gir dei rytme og glamour til kvardagslege og banale historier. Skjønt, banale? Gruppa framhevar element vi elles tek for gitt for å skjerpe sansane vore. Kan hende går du der i frå med endra syn på di kvardagslege verd?

Life and Times – Episode 1 er den første av i alt ti episodar som til saman vil strekke seg over 24 timar. Prisvinnande Nature Theater of Oklahoma har vitja Avant Garden to gonger tidlegare. Sist med sin heilt særeigne versjon av Romeo og Julie i 2009.

Over the past several years the Nature Theater of Oklahoma has evolved into one of New York’s most talented ensembles… their shows are smart, witty, highly physical, and eager to twist notions of theatricality.” The Village Voice

«Hvem skulle trodd at fortellingen om en normal oppvekst var så underholdende? Den snodige reality-musikalen «Life And Times» er både spennende, absurd og herlig upretensiøs»  Anmeldelse av forestillingen i BA

«En amerikansk realitymusikal ble mitt høydepunkt denne teatersesongen» omtale av forestillingen i en kommentar i Aftenposten

“Det mest storslått alminnelige jeg har sett, så jeg på teater i Oslo sist helg” , skriver Knut Nærum i en kommentar om Skrik i Dagbladet fredag 4. mai, der han blant annet omtaler Life and Times… som “Et vaksineprogram mot tempelridderdrømmer, et hjertelig velkommen inn i verden, noe som knytter mennesker sammen”

“Eg ler, kjenner meg att og kjempar imot for å ikkje trampe takta som ein annan idiot”  kan vi lese på teaterbloggen Frontlosjen etter forestillingene i Oslo.

«Søken etter den produktive kjedsomheten» Intervju med regissør Pavol Liska i Natt og Dag

Rulletekst

Konsept og regi: Pavol Liska, Kelly Cooper Frå ein telefonsamtale med: Kristin Worrall Utøvarar: Ilan Bachrach, Gabel Eiben, Anne Gridley, Matthew Korahais, Julie Lamendola, Alison Weisgall Dramaturg: Florian Malzacher Musikere: Daniel Gower, Robert M. Johanson, Kristin Worrall Original musikk av: Robert M. Johanson Lyd: Daniel Gower Design: Peter Nigrini Sufflør: Elisabeth Conner Produsent: Dany Naierman Co-produsentar: Internationales Sommerfestival Hamburg, Kaaitheater Brussel, Théâtre de la Ville Paris, Internationale Keuze Festival Rotterdamse Schouwburg, Wexner Center for the Arts at The Ohio State University Støtta av: The MAP fund


Del på Facebook Del på Twitter
Kjøp på nett › Vis billetten på telefonen din, eller skriv ut. Problemer? › Ring 73 87 94 24 Kjøp på spillested › Billettsalg åpner på spillested en time før forestilling. Bli teaterkontakt ›Ta kontakt med oss. Spesielle behov ›Ta kontakt før kjøp om du sitter i rullestol, eller har andre behov til utforming.
OBS: Ingen inngang etter forestillingsstart